Sjøhuset

Består av gamalt sjøhus frå 1907 som er restaurert to gonger. Då huset etter stor eigeninnsats endelig var ferdig i 1994, tok det fyr og blei totalskada nokre år seinare. Så var det på’an igjen og me fekk på nytt sjøhuset i stand for utleige til turistar.

Bokhylla inneheld historia frå dennetida.

Huset inneheld stove, kjøkken med spisekrok og 3 soverom + hems medtilsaman 8 soveplasser.  Huset har steikeovn, kjøleskap, oppvaskmaskin, TV og internettilgong (Altibox). TV-kanalane er ferdig innstilt. Sjå brukarinstruks i TV-skapet.

Sanitærbygget inneheld to toaletter, dusj, boblebad, fryseboks, vaskemaskin og tørketrommel. Det er rom for kjærastepar på hemsen. Huset er maritimt innreia med peis, kjøkken, bord og stolar.

Underetasjen egnar seg som opphaldsrom sumarstid og inneheld bl.a. redningsvestar i dei fleste størrelser. Nøklane til hengelåsane heng i yttergangen (ved utgangsdøra).

Uteområde har stor veranda med overbygg, stor kaiplass og ein lun solkrok samt leikeplass for barn.